 |
Det gjekk åtti år før Solveig Nes rakk å debutera
med bok. Men no har ho gitt ut minne om barne- og ungdomsår under
harde livsvilkår i Sunnfjord.
Den kvithåra kvinna tek imot på Nes i Kvam, mellom Norheimsund
og Øystese. Rett nok var det på Frøya, nordvest for
Florø, ho voks opp, og det er glimt frå livet der ho skildrar
i Oppvekst ved havet. Men det meste av livet har ho budd saman med ektemannen
Torstein på garden ætta hans har drive gjennom 14 generasjonar.
Frå stoveglaset ser Solveig ned på Hardangerfjorden, men der
er det ikkje mykje vêr å sjå for ei som var van med
stride havet og dei ufysne stormane som ofte stod rett mot det vesle bruket
på Steinset, vest på Frøya.
Jag og hastverk
Mykje er framandt for folk i dag, seier 80-åringen på
spørsmål om kvifor ho har skrive denne boka. Fyrst
ønskte eg berre å fortelje til dei som kjem etter meg. Tenkte
ikkje så mykje på at det kunne vere viktig, men seinare vart
eg meir bevisst på det.
I dag er det sånt jag og hastverk. Og så er det den svære
forskjellen eg har merka etter kvart. Dei enkle og fattigslege, men likevel
rike kåra eg voks opp under i motsetning til slik det er vorte.
Eg kjenner på at dei unge som veks opp no, har det materielle fått
altfor stor plass. Boka mi er tenkt å skulle vere ei motvekt.
Solveig Nes har tre born og seks barneborn, og det var dottera Solrunn,
kjent ikonmålar, som dreiv «eit mildt press over lengre tid»
for å få mora til å skriva. Ho har òg hjelpt
til med arbeidet og m.a. samla inn eit rikt bilettilfang og gjort ein
innsats med å få ei mest mogeleg fonetisk korrekt attgjeving
av det i boka som er skrive på dialekt.
Godt samhald
Endå om Solveig Nes har skrive for den næraste familien, ligg
boka no føre i eit opplag på tusen eksemplar, og på
heimtraktene hennar i Sunnfjord er interssa stor. Noko av det som gjer
boka spesiell, er at den tek føre seg dagleg liv og slit mellom
vanlege kystmenneske, sett gjennom augo til ei ung jente som sjølv
har opplevd det ho skriv om.
Du må ha eit godt minne? ja, det har kome seg, ler
forfatterinna muntert. Ho fortel at i byrjinga var det ikkje så
mykje ho hugsa, men dottera spurde og grov og fekk fram stadig meir.
«Vi hadde det så kjekt at vi vart sterke,» skriv
du ein stad. Men alt var vel ikkje like kjekt?
Det er sant. Ein gong vi hadde vaska kler i kjellaren heile dagen
og so skulle bera dei i vass-sele ned til bekken for skyljing, var eg
so trøytt at eg gret. Alt verka so håplaust. Men vi var mange
om strevet og hadde det ofte kjekt saman.
Tre kvarter til skulen
Skulevegen kunne også vere eit slit. Tre kvarter gjekk eg, og stundom
var eg så utfaren at eg berre seig ned på pulten under morgon-andakta.
Du rekna skuledagane som fridagar?
Vi kunne jo ikkje både vere på skulen og arbeide heime!
Men straks vi kom heim, bytte vi til kvardagskler og så gjorde vi
nytte for oss. Det fanst alltid nok å gjere, vi gjekk mest ikkje
eit stykke utan at vi bar noko lyng, tare, tørrhøy
eller vedskier. Heile tida måtte vi tenkje på å vere
til nytte.
I den vesle, unelege stova på Nes-garden fortel den vevre kvinna
om farne tider. Stova har ho på uvanleg vis sett sitt preg på.
Tapeten vov ho for snart femti år sidan av havrehalm, og taket er
dekt med ein vevnad av hamp og lin.
Fem av dei ni syskena fekk tuberkulose, mellom dei Solveig, som måtte
eit halvt år på Hagevik Kysthospital. Ho vart frisk og har
seinare ikkje vore nemnande plaga. Men pga. sjukdomshistoria vart ho som
vaksen nekta opptak til sjukepleia.
Du fekk ingen vidare skulegong etter folkeskulen?
Nei. Eg var veldig lei meg, hadde så veldig lyst å
gå på skule. Eg protesterer høgt når eg høyrer
at born ikkje har lyst til å gå på skulen. Dei veit
ikkje kor godt dei har det.
Det var ungdomsskulen, som folkehøgskulen vart kalla den gongen,
Solveig gjerne ville gå. Men ho måtte ha dobbeltarbeid for
å få råd til det. Seinare utdanna ho seg på tekstillina
ved Industri skulen.
Gudstrua viktigast
Mykje har ho utretta og mykje har ho opplevd. Men spør du Solveig
Nes kva som står sterkast att i minnet, treng ho ikkje tid til å
tenkja seg om.
Grunnlaget mitt frå eg var barn og gjennom heile livet, er
gudsforholdet. Det har ei utruleg berekraft. Eg veit ikkje om det finst
noko som grip djupare inn på noko livsområde enn dette.
|