|
ARTIKKEL |
|
![]() |
|
| Ostringen, desember 1994 Dyrebar skatt på veg attende (II) |
|
| Å gripa inn med forandringar i ei kyrkje
er ein alvorleg operasjon. Nettopp det uforanderlege er noko av det som
kjenneteiknar kyrkjene. Tider og motar skiftar, medan kyrkja er den same.
Ikkje alle har etterlevd ein slik tanke. Spesielt i siste halvdel av 1800-talet
vart mykje gjort for å gjera kyrkjene «tidsmessige». Også
Hamre kyrkje fekk føla tidskravet. Men alt kring 1930 var stemninga
snudd, og ein ynskte tilbakeføring. Denne kom 20 år seinare. Etter beste evne prøvde ein då å tilbakeføra kyrkja til slik ho var midt på 1600-talet. For mange virka den nyrestaurerte kyrkja framand, og det gjekk nok ei tid før kyrkjelyden vende seg til det nye, som eigenleg var det gamle. Når det no er arbeid i gang med å få sett inn «nytt» bilete opp framom alteret, er det heilt naturleg at ein også i dette tilfelle treng tid til å venja seg til det. Spesielt sidan alterstaden er den mest sentrale i heile kyrkjebygget. Biletet stod i kyrkja i omlag 650 år, og har no vore borte i 88. Det gamle biletet vil derfor verta nytt for heile kykjelyden. Lat oss no ta ein gjennomgang, bilete for bilete, og sjå kva innhaldet er. HOVUDMOTIVET: MARIA OG BARNET Antemensalet som i størrelse dekkjer framsida av alteret i Hamre kyrkje har eit hovudmotiv og åtte sidemotiv. Hovudmotivet er plassert akkurat i midten (1). Det viser Maria og Jesus-barnet. Personane er framstilt større her enn på sidemotiva. Maria sit på ei pute inne i eit troneliknande oppbygg. Barnet står på fanget hennar. Dei to ser mot kvarandre. Maria har krone på hovudet og ein blome i handa. Barnet velsignar mor si. Mellomalderkunst, som alle andre kunstnarlege uttrykk, lyt ein ikkje ta for overfladisk på. Det vi trur vi ser, kan ofte vera noko anna, og noko mykje meir. Sidan Maria sit på ei trone og har krone, er ikkje dette berre eit tidsbilete frå Jesu første leveår. I bakgrunnen ser vi det himmelske Jerusalem, og Maria er krona som himmeldronning. Jesus er ikkje berre ein baby. Maria har omsorg for sonen sin, som velsignar henne tilbake. Det er Guds Son som står det på fanget og utstrålar kjærleik og mynde. Men det er meir også. Maria er i tillegg til mykje anna også eit symbol på kyrkja. Jesus-barnet er bilete på Gud som vart menneske. Gjennom brødet og vinen i nattverden får alle ta del i dette underet. Jesus er altså også eit symbol på nattverden. Då Maria og barnet stod plassert slik i 650 år, viste dei samstundes noko som skjedde oppå alteret: I kyrkja (Maria) får ein nattverden (Jesus). BILETA FRÅ JESU BARNDOM I åtte sidefelt, fordelt med fire på kvar side og i to rekkjer finn vi bilete frå Jesu barndom. Mange er svært presise, vi kan slå opp i Bibelen og skriva tekst under. Slik er dette reine bilet-Bibelen bygd opp som ein teikneserie der ein byrjar øverst til venstre og les først øverste rad. Det heile byrjar med bodskapen til Maria (2). Vi ser engelen Gabriel kjem overraskande på Maria, som er oppteken med å lesa ei bok. Ho snur seg undrande mot han. Han fortel henne kva som skal henda, ein bodskap engelen les frå ein skriftrull. Det andre biletet viser møtet mellom Maria og Elisabeth. Dei to kvinnene står tett inntil kvarandre og fortel om løyndomane sine: Begge skal ha barn (3). Så går vi forbi hovudmotivet, og ser Jesu fødsel (4). Maria sit halvvegs oppreist i ei seng. Barnet ligg reiva i bakgrunnen, mellom oksen og eselet. Josef sit ved fotenden. Til slutt i øverste rekkje ser vi Josef som møter ein engel i ein draum (5). Tek vi til i nederste rad, møter vi igjen ein engel. Her held han vernande om barnet, og Maria er med (6). Deretter ser vi dei tre austerlandskongane som kjem for å tilbe Jesus (7). Her spelar hovudmotivet på lag med sidemotivet, dei tre kongane ber gåvene sine fram for Maria og Jesus i hovudmotivet. Nestsist ser vi Jesu framstilling i templet (8). Josef ber fram to duer i ei korg, og Maria ber eit lys. Simon er der og får møta barnet. Det siste biletet viser Betlehemsmarkene julenatta (9). ORIGINALEN OG KOPIEN Biletet har antageleg kome til kyrkja før Svartedauden, men kanskje ikkje så mange år før. Ein stor produksjon gjekk føre seg i Bergen, nærare bestemt i Stretet. Gata, som no heiter Øvregaten, går frå Mariakyrkja og sørøver. Her heldt handverkarar av mange slag til, mellom anna malarar og snekkarar som måtte til for å laga antemensalene. Reint teknisk er prosessen ganske omstendeleg. Dei fleste bileta er laga på eit furubrett av breie fjøler sett inn i ei ramme. Deretter er det strekt ein duk over, som er metta med hudlim. På dette vert det lagt eit grunningsstoff, som gjev ein overflate til å mala på. Malinga som var brukt i mellomalderen er tempera, altså fargestoff tilsett egg og plantesafter. Eit viktig element var gullet, som dekte store deler av overflata. Kopien skal lagast på nøyaktig same måte. Solrunn Nes, som er i gang med arbeidet, brukar denne teknikken i det meste av sitt kunstnarlege arbeid. Ho er utdanna ikonmalar med studiar i m.a. Finland og Athen. Vidare har ho hovudfag i kunsthistorie, med spesialfelt ortodoks kyrkjekunst. For tida underviser ho på kunsthistorisk institutt, Bergen. Ho har røynsle frå arbeid med kyrkjeutsmykking, men denne typen arbeid ho no utfører, er sjølvsagt nytt for henne. Eit stort arbeid er allereie lagt ned i å finna tilbake til motiva. Solrunn Nes er svært nøye med å halda seg til tradisjonen både med biletframstilling og med sjølve handverket. Derfor ser alt ut til å vera i dei beste hender, og Hamre kyrkje vert snart eit klenodium rikare. Men arbeidet etter dei tradisjonelle metodane er svært tidkrevande. Ikkje minst påføringa av alt gullet tek mykje tid. Men ein gong i 1995, i tusenårs-jubiléåret for kyrkja i Noreg, vert det ferdig. Så sant den finansielle sida av saka vert ordna, og elles ingen formelle ting kjem i vegen. |
|