 |
Hausten 1995 kontakta Balestrand Folkeakademi på oppmoding frå
Tjugum Sokneråd underteikna med tanke på å få
utarbeidd ein rekonstruksjon av Tjugumfrontalen ei gotisk alterutsmykking
frå første halvdel av 1300-talet. Tjugumfrontalen inngår
som ein av i alt 20 vestnorske frontalar i Kyrkjesamlinga på Bergen
Museum. Oppdraget ville innebera kopiering av dei bevarte figurgruppene
samt gjenskaping av dei tapte biletelementa.
Dei første praktiske førebuingane tok til hausten 1996,
og eitt år seinare, i slutten av november 1997, vart den ferdige
rekonstruksjonen levert. Arbeidet med å gjennomføra dette
oppdraget skulle visa seg å bli ein svært krevande og omstendeleg
prosess, både administrativt og kunstnarleg. Ragnar Myrland har
vore pådrivar og kontaktperson under heile prosjektperioden.
Arbeidsprosessen
Tjugumfrontalen er malt på furu og måler 98,5 x 144,5 cm.
Materiale og mål er dei same på den nye frontalen, men plankane
er limte (ikkje nagla saman) og dei er smalare. Furuplata er avstiva på
baksida av to tverrgåande labankar.
Overflata vart innsett fleire gonger med hudlim, trekt med ein tynn bomullsduk
og lagvis grunna med ei blanding av hudlim, kvitt fargepigment og kritt.
Etter grunning og sliping, kunne sjølve overføringa av originalmotivet
ta til. Omriss av figurfelt med søyler og flettemønster
vart målt opp og figurane plassert nøyaktig i forhold til
kvarandre. Repeterande bladverk, takheller og tårn på toppen
av nisjane vart teikna inn. Slik kom først den eksisterande ikonografien
gradvis på plass og sidan dei elementa ein måtte slutta
seg til. Avbrotne linjer og fargefelt skulle førast vidare på
ein sannsynleg måte der det mangla eit hovud, ei hand eller eit
musikkinstrument. Til slutt fekk kvar helgen sitt latinske namn.
Rekonstruksjonen er ingen statisk kopi av Tjugumfrontalen, men ei sannsynleggjort
gjengjeving som ber preg av malarens hand. Det ytre omrisset er overført
ved hjelp av kalkerpapir, medan fargegjengjevinga i drakter og hudparti
er gjort fritt etter augnemål. For å sikra kontinuerleg
samanlikning, har detaljerte foto av originalen lagt ved sida av det feltet
som har vore under arbeid.
Tekniske undersøkingar har vist at dei norske alterfrontalane er
malt med oljefarge. Rekonstruksjonen av Tjugumfrontalen er utført
i eggtempera ein vanleg teknikk brukt ved maling på trepanel
i mellomalderen. Fargepigmenta vert blanda med eit bindemiddel som er
samansett av eggeplomme, vatn og eddik. Denne teknikken krev mange lag
med farge for å dekka overflata. Det eine laget verkar inn på
det neste fordi fargen er delvis transparent. Eggtempera eignar seg godt
for å få fram fine linjer og fargeovergangar.
Motivet
Den Majestetiske Herren, Majestas Domini, dominerer midtfeltet. Kristus
er framstilt i frontal heilfigur, trunande på regnbogen, omgjeven
av ein åtteblada mandorla. Dei opplyfte hendene har tydelege sårmerke.
Føtene, som også er sårmerkte, kviler på ein
jordklode som er inndelt i tre felt. Desse felta representererer dei tre
kjende verdsdelane i mellomalderen: Asia, Afrika og Europa.
Mandorlaen er omkransa av dei fire evangelistsymbola. Oppe til venstre
er Matteus symbolisert som ein engel, til høgre er Johannes framstilt
som ei ørn. Nede til venstre er Markus representert som ei løve,
og til høgre ser vi Lukas i form av ein okse. Alle held ei skriftremse
med sitt eige namn.
På kvar side av midtfeltet er tre musiserande figurar plasserte
i firpassrammer. Frå venstre mot høgre kan instrumenta identifiserast
som harpe, geige og handorgel. Figurane til høgre har fått
tildelt instrument som vart brukte i mellomalderen fordi skade
gjer at dei er gått tapt på originalen. Frå venstre
mot høgre er instrumenta her rebek, lutt og harpe. Over og under
desse musikantane finn vi grupper på tre ståande helgenfigurar.
Kvar helgen er innramma av ein treblada, gotisk arkitekturnisje og har
fått attributt som bestemmer identi-teten. Attributtet samsvarar
ofte med den martyrreiskapen som enda vedkomande helgens liv. På
originalen er berre restar av dei latinske helgennamma bevart.
Opphaveleg hadde frontalen plass framfor alteret. Etter at frontalen miste
sin liturgiske funksjon, vart den brukt som bordplate oppå
alteret. Dette må ha skjedd ein gong mellom reformasjonen og 1827,
då frontalen kom til Bergen Museum. Over tid vart difor den malte
treplata utsett for slitasje, særleg på midten. Grunnleggjaren
av Bergen Museum, W. F. K. Christie, som fekk frontalen til museet, skriv:
Tavlen er, formedelst dens nu værende Brug til Bord, meget
beskadiget af de svære Lysestager, som staar ovenpaa; imidlertid
ere dog endnu hele figurer kjendelige, og naar den derfor med Forsigtighed
blev optagen og indpakket, var den endnu ikke uden Værdie.
Triumf og liding
I tidleg mellomalder var det vanleg å framstilla Kristus som den
triumferande himmelherskaren. Også på krossen opptrer Kristus
som herskar. Dødens overvinnar er ofte utsyrt med kongekrune, og
kroppen ber ikkje preg av liding. Augo er opne, armane strekte rett ut
og føtene parallelle. Døme på eit slikt triumferande
krusifiks finn vi i Urnes stavkyrkje.
Utover i høg- og seinmellomalderen endrar dette seg. Den krossfeste
får eit meir og meir lidande uttrykk. Kongekruna vert bytt ut med
tornekrune, augo er lukka og hovudet bøygd. Kroppen vert meir vridd
og heng tungt etter armane. Føtene er kryssa og festa med ein nagle.
På fleire av dei norske alterfrontalane finn vi variasjonar over
dette temaet. Krossfestingsscenen dominerer i midtfeltet, supplert av
ulike motiv frå lidingssoga på kvar side. Frontalane frå
Leikanger og Røldal har slike biletprogram.
På Tjugumfrontalen ser vi ein kombinasjon av triumf- og lidingstemaet.
Ein majestetisk Kristus, herskaren over himmel og jord, viser fram sine
sårmerkte hender og føter - teiknet på den lidinga
han har gjennomlevd på krossen. Slik vert to ulike sider ved Kristi
person representert samtidig. Den Kristus som kyrkjelyden ser på
frontalen er både den miskunnsame frelsaren som leid og døydde
for menneska, og den myndige dommaren som skal koma att for å døma
levande og døde.
Sann Gud sant menneske
Frontalen synleggjer sentrale dogmatiske sanningar som Kyrkja har formulert
i truvedkjenninga: Kristus er både sann Gud - fødd av Faderen
før alle tider, og sant menneske - fødd av Jomfru Maria.
Apostelen Paulus, som også er framstilt på frontalen, skriv
om denne veldige spennvidda i Kristi person:
Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov
å vera Gud lik. Men han gav avkall på sitt eige, tok på
seg ein tenars skapnad og vart menneske lik. I si ferd var han som eit
menneske; han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja,
døden på krossen. Difor har Gud storleg opphøgd han
og gjeve han det namn som er over alle namn, så kvart kne skal bøya
seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, og kvar tunge
skal sanna til Gud Faders ære at Jesus Kristus er Herre (Filip.
2, 6-11).
Liturgisk funksjon
I tillegg til å utsmykka kyrkjerommet og å minna kyrkjelyden
om det kristne trusinnhaldet, hadde alterfrontalen i katolsk tid også
ein liturgisk funksjon. Som namnet tilseier, var den fysiske plasseringa
av frontalen framfor sjølve alterbordet. Ordet antemensale, som
også vert brukt i omtalen av denne spesifikke kyrkjekunsten, er
sett saman av to latinske ord: ante mensa, som tyder framfor bordet.
Alteret utgjer kyrkjerommets kultiske sentrum. Når eit kunstverk
er knytt så direkte til alteret, staden der Kristi offerdød
vert gjort nærverande, medverkar det til å understreka dette
sakramentale aspektet. På alteret vert brødet og vinen forvandla
til Jesu lekam og blod, den Jesu lekam som leid, døydde og stod
opp att, og som kyrkjelyden ser avbilda på frontalen. Kunst og liturgi
viser til kvarandre.
Mellomalder og notid
Det har gått omlag 600 år sidan Tjugumfrontalen kom til den
gamle kyrkja. Det er rimeleg å tru at frontalen vart malt i Bergen,
nærare bestemt i Øvregaten, der malarane hadde tilvist plass
saman med andre handverkarar. Malarane arbeidde i verkstader, under leiing
av ein meister. For å sikra kvalitet og gjenkjenning, brukte dei
mønsterbøker og modellar. Slik vart konvensjonen vidareført,
samtidig som kvar malar hadde sitt eige preg.
Ein interessant detalj på Tjugumfrontalen er at Peter først
vart utstyrt med ein Andreas-kross. Sidan har malaren ombestemt seg og
gjeve Peter nøklar. Dette viser frå rissing i grunninga.
Når ein rekonstruksjon no kjem på plass i Tjugumkyrkja
i ei anna tid og i ei ny kyrkje vitnar det om vilje til kontakt
med dei åndelege røtene i lokalmiljøet. Det gotiske
formspråket har kvalitetar som kommuniserer eit religiøst
meiningsinnhald på ein direkte og dekorativ måte. Den ytre
ramma som den nye, gjenskapte frontalen no går inn i, skil seg på
mange måtar frå den opphavelege situasjonen. Overgangen frå
katolisisme til lutherdom markerer eit kyrkjehistorisk vendepunkt med
store konsekvensar. Men om kyrkjeordning og liturgi har endra seg sidan
mellomalderen, er grunnstrukturen i gudstenesta framleis den same. Bilettemaet
på frontalen er eit synleg uttrykk for ein felleskristen arv som
appellerer til mange moderne menneske, både estetisk og innhaldsmessig.
|